Hovudsida
Ny styreleiar i grendlaget vart vald på årsmøte denne gong. Nina Seljestokken tar over etter at Otto Ullevålseter takk av etter 5,5 år i leiarstolen og vart tildelt blomster for svært godt arbeid. Skrivar Kjetil Nesthus delte ut blomster som Birgtte skulle få for å måtte høyre på alle telefonsamtalane i grendalagsarbeidet i fylgje Otto sin takketale.
Jolanda lowerman kjem også ny i styre etter at Torleif Seljestokken går ut ettersvært mange år i styre, både som medlem og kasserar i laget.
Det var normalt bra oppmøte med 18 medl. på årsmøte. Årsmelding er lagt ut under linken til grendalaget. Rekneskap og budsjett vart godkjent. Begge med overskot. I budsjettvedtaket kan vi glede oss til nye stolar i 2012 der dei gamle rørstolne vert bytta ut. Ellers vil grendalaget drive aktivt som åra før med sosiale treff på grendahuset og arbeide for at det skal være godt å bu i bygdane.
Nye leiar Nina Seljestokken og Avtroppande leiar Otto Ullevålseter. Til høgre nokre av årsmøtedeltakarane.
I øs pøs regnvær på søndag 04.09 vart det samla mellom 50-55 til basar i grendahuset. Det vart selt mykje lodd og netto vart det ca. 16500,- til grendalaget. Nye stolar er ein av tinga somm er på ynskjelista som no kan verte realisert. Både små og store hadde ein triveleg ettermiddag i saman. Mykje gevinstar vart lodda ut så mange fekk smake litt av vinnarlukka..
Fleire enn talet på bufaste deltok på 17. mai feiringa på Årebrot. Dette er ein historisk dag då skulen no er vedteke nedlagt og elevane skal reise til Flora til hausten. Sett i lys av grunnlova som no er 197 år gammal er 26 år i noverande skulehus med felles skule for Botnane og Årebrot kort tid. Det vil likevel verte 17. mai feiring i åra som kjem, men det vil nok verte noko endringar tilpassa at borna skal få delta i barnetog Flora i dei nye klassane sine. Været var skiftande med regn og sol. Leikane gjekk som vanleg ute på skuleområde. Det var ein kjøleg dag, men stille vær gjorde at sola varma godt når den slapp til mellom bygene. Bygene gjorde mest av seg før toget gjekk. Været gjorde nok at det seig på med folk heile dagen etter som det vart meir og meir sol.

Det var berre dei ivrigaste som deltok i togt då det enno draup litt ut av skyene og dammane låg i vegen. Men skuleelevane stilla opp med sjølvlaga fane frå 2006. Hurra rop, song og ein glad 17.mai gjeng gjekk den vanlege ruta nordover mot Ura.

Det vart servert ei jubileumskake i tillegg til andre kaker, is, brus, pølser m.m i samband med at skulen no vert lagt ned. Matlysta var god og maten gjekk unna. Tidlegare på dagen vart det servert betasuppe og den varma godt i det kjølege været. Nokre av borna og dei største ungdommane spela og song før kaffien. T.v. ser vi nokon av ungdom og vidaregåande skuleelvane i aksjon.
I gymsalen måtte ein inn med ekstra bord får at alle skulle få plass ved kaffien. Mange deltok på dei ulike leikane og før kaffien vart det delt ut premiar til vinnarar og deltakarar av pilkast, natursti, 60m og luftgeværskyting. Luftgevær er veldig populært og der var det kø heile ettermiddagen. Likevel er det slik at alle som vil delta i leikar får høve til det utan å måtte vente noko lenge. Ungdommane i komiteen hadde også nokre leikar inne for dei minste borna. Glade born og nøgd fjes prega dagen.
Mannaart familien fekk oppleve kval på nært hald i Frøysjøen i helga. Foto av Alja Mannaart
